Argusbok*   * lite men kreativt forlag

17.12.2019

Om oss
Argusbok er eit lite bokforlag som held til på Halsnøy i Sunnhordland. Det er drive under firmaet Arne Gjerde ENK, med organisasjonsnummer NO 958 269 986 MVA. Tidlegare namn på forlaget var Edb-konsulenten.

I utgangspunktet er det berre bøker som er skrivne av Arne Gjerde sjølv som år om anna kjem ut på forlaget. Han sit for det meste på kontoret sitt (bildet på toppen), midt i den store rose- og blomehagen, med skogen bakom (bildet på botnen).

For det meste så lagar han dataprogram, noko han har gjort heile livet. Men innimellom blir det tid til litt andre skriverier, og det endar altså av og til opp med ei bok.

 

Desse bøkene har kome ut tidlegare, frå same forfattaren:

  • 2006: Det lange huset: Gründerens memoarbok
  • 2009: Sett gjennom Argus sine augo
  • 2013: Halsnøy 2013
  • 2014: Halsnøy 2014

 

Det finst framleis bøker att av desse. Halsnøy 2013 er det berre nokre få av, så den blir seld til full pris kr 350,-. Dei andre bøkene vert no selde for 150,- pr stk.

I tillegg kjem 130,- i porto/emballasje ved kjøp under kr 500,-.

 

Kontakt oss på epost ARNE.GJERDE@N-LT.NO om det er noko du lurer på. Postadressa er denne:

 

Argusbok

Bjørkelivegen 4

5458 Arnavik

Argusbok forlag

12.01.2020

Kjøp boka "Skaparen"

I bokhandel

Boka ligg på Mentor (Bokbasen), som ISBN 978-82-997223-4-6, slik at bokhandlarar kan bestilla boka der. Eller dei kan bestilla direkte frå oss, ved å ta kontakt på epost ARNE.GJERDE@N-LT.NO.

 

Lokalt i Kvinnherad

Lokalt i Kvinnherad kan boka kjøpast hos Rosendal Bokhandel, Kvinnherad Libris Husnes, Spar Sæbøvik, Eides Bensinstasjon, Simonsen Bensin og Buketten.

Boka kostar kr 399,- i utsal.

 

Direkte frå forlaget

Har du ikkje høve til å kjøpa boka nokon av dei ovannemnde stadene, kan du bestilla boka direkte frå oss. Det gjer du ved å senda bestillinga på epost ARNE.GJERDE@N-LT.NO.

Hugs å skriva opp namn og adresse, dessutan om du ønskjer faktura lagt ved som bilag til din eigen rekneskap. Om du ikkje treng faktura, blir kvittering for betalt bok det bilaget du har.

 

Prisar ved direkte kjøp frå oss:

  • 1 bok kr 399,-, fraktfritt. *
  • 2 bøker kr 798,-, fraktfritt.
  • 3 bøker kr 1197,-, fraktfritt.
  • 4 bøker eller meir: be om rabattert pris.

 

Betaling ved direkte kjøp frå oss må gjerast til bankkonto 3525 23 51971. Boka blir send så snart pengane er mottekne på konto.

 

* I utgangspunktet tok me 99,- i frakt for bestilling av kun éi bok, men sidan fleire nettbokhandlar sender portofritt, har me bestemt oss for å gjera det same.

 

17.12.2019

Boka "Skaparen"
"Skaparen" er boka om Magnar Reigstad, den mest vidgjetne av alle halsnøybuar gjennom tidene.

Boka er skriven av Arne Gjerde. Dessutan har Bjarte Agdestein laga flotte humoristiske illustrasjonar. Kristen Børje Hus, gjennom firmaet Multipleks Design, har gjort det grafiske arbeidet. Med felles innsats vart dette til slutt ei svært tiltalande bok.

 

Vaskesetelen på baksida av boka seier dette:

"Langs heile norskekysten har folk høyrt om Magnar Reigstad, og sikkert har hundrevis av historier vorte fortalde om opplevingane hans. Mange av dei skriv seg frå hans eigen munn, for han er ein forteljar av rang, som sjeldan legg fingrane mellom.

Kven er så denne karen, som har vore kalla så vidt ulike ting som Rambo og Snublefot? Men båtkonstruktør, våpenekspert, eventyrar, bjørnejeger, humanist, kjeltringfangar, redningsutstyroppfinnar, frisør, friluftsmann, tryggleiksekspert, rettferdstenkjar, rotekopp, er òg etikettar han har hengjande på seg.

I vinter er det 40 år sidan Alexander Kielland-katastrofen, det er 20 år sidan Sleipner-tragedien, og i år var det svært nær at 1373 personar hadde sett livet til på Hustadvika. Dette er hendingar som skakar opp Magnar, for han meiner at med skikkeleg redningsutstyr hadde alt dette vore unngått.

Han hadde venner som drukna i desse ulukkene, og sjølv har han òg nesten omkomme på sjøen. Dei seinare åra har han difor vore mest oppteken av å konstruera redningsutstyr som er mykje betre enn dagens, som han meiner er ubrukande.

Mest kjend er han nok for Torpedostuparen, som han presenterte i TV2-programmet Skaperen i 2007. Men lenge før den tid gjorde han seg landskjend gjennom den såkalla Klippeaksjonen. For ikkje å nemna den gongen han hamla opp med Tveita-gjengen i Oslo, heilt på eiga hand."

 

Boka er underhaldande, men det er òg mykje seriøst sprengstoff i boka, knytt til Magnar si sterke interesse for livredning til sjøs. Han meiner at dagens redningsutstyr er livsfarleg, og at reiarane er meir opptekne av å berga pengane sine enn å berga livet til passasjerane.

 

Les pressemeldinga om boka her.  Under same linken kan du òg sjå filmar og anna som det er referert til i boka.

 

ISBN 978-82-997223-4-6