Argusbok*   * lite men kreativt forlag

01.12.2019

Pressemelding om boka "Skaparen"

MS «Sleipner» gjekk ned ved Store Bloksen for tjue år sidan, og gjennom mange media har me dei siste dagane blitt minna om denne ufattelege tragedien, som i følgje Lagmannsretten skuldast feilnavigering.

 

Magnar Reigstad frå Halsnøy vart den gongen sentral i media, ved at han hevda det motsette, nemleg at årsaka ikkje var feilnavigering, og at kaptein Sverre Hagland vart uskuldig dømd. Han hadde sin eigen teori om kva som hende, og han hevda med styrke at han fann prov om bord i båten på dette. TV2 kom direkte med sjøfly og fekk stadfesta det han sa, noko som kom på TV same kvelden.

Trass i dette vart han ikkje høyrd, og han fekk ikkje stilla opp i retten. Han meiner kapteinen vart dømd for at andre og meir ansvarlege personar skulle gå fri. Han frikjenner òg direktør Arne Dvergsdal i HSD, som han meiner var ein ryddig kar som ville ta ansvar, men som så, eller kanskje difor, vart fjerna frå selskapet.

Magnar Reigstad hevdar det same i dag, i minst like sterk grad. Og om nokre dagar kjem boka om denne karen for sal hos bokhandlarar og frå forlaget Argusbok. Boka er skriven av Arne Gjerde, også han halsnøybu.

 

Gjennom boka fortel Magnar – som i 2007 vart landskjend gjennom TV2-programmet Skaperen, som oppfinnar av Torpedostuparen – om kor sterkt Sleipner-tragedien og andre tragediar til sjøs går inn på han. Her kan nemnast Aleksander Kielland-katastrofen, som det til vinteren er 40 år sidan. Og ikkje minst nesten-ulukka på Hustadvika tidlegare i år, der 1373 menneske var ei hårsbreidd frå døden.

 

Torpedostuparen er den suverent beste livredningsfarkost som nokon gong har vore testa, likevel har ikkje denne komme i produksjon. Etter Hustadvika i år, der dagens livbåtar var totalt ubrukande, har han konstruert ein variant som vil kunna fungera sjølv under dei ekstreme tilhøva som rådde der. Men trass i at dei fleste fagfolk seier at oppfinninga hans er genial, vil ikkje nokon ta det i bruk. Magnar sjølv seier at cruisereiarane tenkjer meir på å berga pengane enn på å berga menneskeliv.

 

Boka startar med eit langt kapittel med mange morosame historier frå Magnar sin barndom og ungdom, rikt illustrerte av den eminente teiknaren Bjarte Agdestein. Sjølvsagt halsnøybu han òg, men han er elles vel etablert i Oslo som ein animatør og teikneserieskapar av rang.

 

Nokre hugsar vel at Magnar lenge før Torpedostuparen vart landskjend gjennom den såkalla Klippeaksjonen. For ikkje å nemna den gongen han gjorde opp med Tveita-gjengen i Oslo, heilt på eiga hand.

 

Landskjend har han elles vorte mange gonger, kanskje somme hugsar han best for at han skaut verdas største svartbjørn i Canada. Eller at han ein gong gav rifla si til sjølvaste Fidel Castro, og at han fekk to esker med ekte Cohiba-sigarar som takk. Den eine har han framleis, og no er prisen på desse så høg at han vurderer å selja.

 

Som tidlegare flink båtkonstruktør og båtbyggjar, med både Halco og Klosterfjord på merittlista, skulle han vera rett mann til også å designa redningsmateriell, som er det han er oppteken av i dag. Han meiner, i motsetnad til sjøfartsdirektøren, at redningsmateriellet til sjøs har blitt berre dårlegare etter Sleipner-forliset. Og han legg definitivt ikkje fingrane i mellom når han uttalar seg.

 

Boka burde vera fin julegåve til dei som seier dei har alt. For ei bok om eit slikt fyrverkeri av ein mann, har dei neppe.

Den delikate grafiske utforminga er gjort av Kristen Børje Hus. Han er ikkje heilt halsnøybu, men familien har i alle fall hytte der. Kristen Børje er frå Husnes, men etablert i Bergen med Multipleks Design.

 

Boklansering blir på Dill kafé på Halsnøy torsdag 6. desember klokka 1600. Der vil sjølvsagt hovudpersonen vera til stades. Unn deg gjerne ein komlemiddag på Dill først.

 

Beste helsing

Arne Gjerde

Argusbok forlag

arne.gjerde@n-lt.no

 

ISBN: 978-82-997223-4-6

 

 

19.12.2019

Referansar i boka

I boka, side 194, er det referert til ein liten enkel animasjonsfilm om torpedoredningsbåten til Magnar. Filmen er laga av Jan Magnar Reigstad, og du kan sjå han her.

 

På side 145 er det nokre bilde som viser forsøk hos Marintek, der Torpedostuparen oppførte seg eksemplarisk, både i stille vêr og i orkan. Ikkje eitt einaste av dei mange forsøka gjekk feil. Heile filmen, med alle forsøka, kan du sjå her.

 

 

Til samanlikning med Torpedostuparen, så kan du sjå eit forsøk, under ideelle vêrforhold, av ein meir tradisjonell stuplivbåt her.

 

Ein tradisjonell open livbåt, som blir sjøsett med kran/davit, ser du her.

 

Mange fleire slike skrekkdøme kan du finna på youtube.com ved å søkja på "lifeboat fail".