Halsnøyportalen

… med linkar til det meste som finst av informasjon om Halsnøy-samfunnet      

Halsnøymotivet

Biletarkiv

 

08.05.2012

Kulturdugnad

Biletet av desse to dugnadsdamene, som er like spreke som dei er blide, er teke i fjor på denne tida.

 

Men biletet er like aktuelt i år, for framleis arbeider dei dugnad kvar måndag og onsdag kveld på kulturløypa ved Skarvasteinen fornminnefelt. Frå klokka seks til ni, jamnt og trutt.

 

Det er eit imponerande ryddearbeid som er lagt ned så langt for at denne løypa skal bli både ein aktivitet og ein attraksjon for øya vår, i det vakre området ved stranda like utafor klosteret.

 

Skulle du kribla i fingrane etter å vera med, vil dei bli endå blidare. Meld deg inn i Klostervenene, eller berre møt opp på ein av dugnadsdagane.

 

Foto: Arne Gjerde

www.halsnoy.no

www.perlo.no

www.basarholmen.no

Halsnøyveven

fungerer i dag berre

som  ei statisk side,

med  informasjon

om lokalsamfunnet.